
Teltech har sidan starten i 2004 levert tele og fibertenester til private og bedrifter i store deler av indre Hordaland. Me vart etablert som eige AS i 2011, og har i dag 16 tilsette. Alle med lokal forankring til Voss.
Våre tilsette har lang og brei erfaring frå bransjen, me har folk med erfaring frå både Televerket, Telenor, Bravida og Relacom. Dette kjem våre kundar til gode, og me skal alltid gje deg den gode kundeopplevinga både på kvalitet og pris.
Teltech har overteke Horvei Elektro AS i 2020.
(Voss Elektro AS frå 2022)
Me kan no ta på oss elektro-installasjonar for private og næring. Me vil òg ha eit spesielt fokus på Hytte-installasjonar, Solcelle anlegg, EL-Bil lading og smarthus.