Når det gjeld varmeløysingar til heimen din, er det viktig å tenkje energieffektivisering og miljø, så vel som komfort. Teltech leverer dei beste løysingane til heimen din, anten det er varmekablar, varmepumper, panelomnar eller smartsystem for varmestyring.
Varmekablar: God varmefordeling
Golvvarme gir stabile temperaturar og passar godt i enkelte rom – gjerne på bad og i stova. Ved å installere varmekablar får du ei jamn fordeling av varme i rommet, og høg grad av komfort.
Panelomnar: Påliteleg varme
Panelomnar har utvikla seg mykje. Moderne panelomnar er ikkje berre effektive, men òg estetisk tiltalande, med slank design som passar inn i dagens heimar. Dei gir rask oppvarming og er enkle å installere, noko som gjer dei til eit utmerkt val for både nybygg og oppgradering av eksisterande bustader.
Varmepumpe: Energieffektiv varme
Fleire vel varmepumper til heimen sin. Varmepumper utnyttar energien i lufta, jorda eller vatnet til å produsere varme på ein svært energieffektiv måte, noko som betyr lågare straumrekningar og meir miljøvenleg oppvarming. Når du skal investere i ei varmepumpe, er det viktig å vurdere faktorar som storleiken på bustaden og isolasjonsgraden. Dette hjelper Teltech sine elektrikarar deg med.
Varmestyring: Full kontroll over inneklimaet
Smartløysingar i heimen blir stadig meir populære for å sikre god energieffektivisering og for å spare pengar. Med løysingar for varmestyring kan du automatisk justere varmen inne etter temperaturen ute, om du er heime eller på ferie osv. Med varmestyring sikrar du at temperaturen alltid er behageleg når du kjem heim.

